Du ser huset.
Me ser resten.
Takst og byggteknisk rådgjeving i Hardanger, med blikk for detaljane som kan ha noko å seie for verdi, tilstand og tryggleik.
4,8
★★★★★
35 vurderingar på Google
Veldig imøtekommende og veldig brei kunnskaps område.
Kjetil Haavik · Google
Han var lett å kommunisere med, jobben ble gjort til en grei pris, og vi sitter igjen med full oversikt.
Monica Tømmerstrand · Google
Veldig ryddig kommunikasjon og meget profesjonell service, det er tydelig at de tar sine oppdrag og ansvar seriøst.
Trond Rakke · Google
Kva treng du hjelp til?
Vel situasjonen som liknar mest på di. Så viser me tenestene som passar best.
Selja
Du ser kvadratmeter. Me ser kva dei faktisk er verdt.
For deg som skal selja og vil forstå tilstand, dokumentasjon og verdi.
- Tilstandsrapport Teknisk gjennomgang før sal.
- Verditakst Dokumentert verdi av eigedomen.
- Energirådgjevar Energimerking og råd om tiltak.
Kjøpa
Du ser eit flott kjøp. Me ser kva du bør spørja om før du signerer.
For deg som vil vita meir før du kjøper, eller ønskjer ein fagperson med på laget.
- Overtakelse / Kjøpshjelp Fagperson med på overtaking.
- Tilstandsrapport Teknisk vurdering av bustaden.
- Byggteknisk rådgjeving Råd før du signerer.
Byggja / pussa opp
Du ser framdrift. Me ser om det er bygd slik det skal.
For deg som byggjer nytt, rehabiliterer eller treng kontroll undervegs.
- Byggelånskontroll Kontroll av framdrift mot utbetaling.
- Uavhengig kontroll Lovpålagd kontroll av utføring.
- Førehandstakst Verdi før prosjektet startar.
Finna verdi
Du ser eigedom. Me ser dokumentert verdi.
For deg som treng dokumentert verdi ved sal, refinansiering, arv eller deling.
- Verditakst Dokumentert verdi av eigedomen.
- Tomtetakst Verdi på tomt og grunn.
- Verdivurdering Kortare vurdering av verdi.
- Førehandstakst Verdi før tiltak eller sal.
Har ein skade / konflikt
Du ser ein sprekk. Me ser om han betyr noko.
For deg som treng ei fagleg vurdering ved feil, skade eller usemje.
- Skade- og reklamasjon Vurdering av skade og reklamasjon.
- Byggteknisk rådgjeving Fagleg vurdering ved usemje.
Veit ikkje heilt
Ikkje alle veit kva teneste dei treng, og det er heilt greitt.
Ring oss, så finn me ut av det saman. Det kostar ingenting å spørja.
Du ser / Me ser
Eit fint hus kan framleis ha mykje å fortelja.
Dra i linja. Venstre side er det du ser på visning. Høgre side er det me ser.
Seks punkt på same bygg
Høgre side viser kva ein takstmann faktisk ser etter. Trykk på eit av dei raude merka i biletet for å lesa kva me vurderer der.
Tak
Taktekking, beslag, renner og nedløp blir vurderte saman med alder, fall og synlege teikn på skade eller lekkasje.
Konstruksjon
Berande konstruksjonar, bjelkelag og takkonstruksjon blir vurderte for synlege teikn på setningar, skeivheit eller svikt.
Fasade
Kledning og overflater blir vurderte for tilstand, alder og vedlikehaldsbehov, og for korleis dei toler klimaet dei står i.
Vindauge og dører
Alder, tilstand, tettleik og funksjon blir registrerte, saman med synlege teikn på fukt eller råte i karmar og losholt.
Våtrom
Våtrom er den vanlegaste kjelda til avvik. Fall mot sluk, overflater, ventilasjon og fuktmålingar inngår i vurderinga.
Grunnmur og drenering
Grunnmur, fuktsikring og terrenget rundt bygget blir vurderte. Drenering og fall frå vegg har mykje å seie i vårt klima.
Omfanget fylgjer forskrifta og kva slags rapport som er bestilt.
Folka bak vurderinga
Me er kanskje litt over gjennomsnittet interesserte i hus. Det er ein fordel når jobben er å leggja merke til det andre går forbi.

David Haltvik
Dagleg leiar, byggmeister og takstmann
Bustad- og landbrukstaksering

Andreas Handegard
Byggmeister og takstmann
Bustad, reklamasjon og skadetaksering

Silje Flotve
Kunde- og administrasjonskoordinator
Fyrste kontakt, booking og oppfølging
«Gode verdiar bør verdsetjast, god taksering er eit godt utgangspunkt»
Norsk Takst · Meisterbrev · Etablert 2004
Takstskulen
Taksering er gøy!
Les ofte stilte spørsmål, og få betre grep på kva som faktisk skjer.
Ei fagleg vurdering av eigedomen: tilstand, areal og verdi, dokumentert i ein rapport du kan leggja fram for bank, meklar, kjøpar eller motpart.
Det kjem an på type eigedom, storleik og kva slags rapport du treng. Difor gjev me pris på førespurnad. Fortel oss kort om eigedomen, så har du eit overslag raskt.
Sjølve befaringa tek nokre timar, avhengig av storleik og kva som skal vurderast. Når rapporten er klar, avtalar me med deg.
Teikningar, ferdigattest og dokumentasjon på arbeid som er gjort, om du har det. Manglar noko, er det heilt greitt. Me seier frå.
Nei. Me treng berre tilgang. Men det er ofte nyttig at nokon som kjenner huset er der, særleg om det er gjort arbeid me bør vite om.
Nei. Ein verditakst seier kva eigedomen er verdt. Ein tilstandsrapport seier kva tilstand han er i. Skal du selja bustad, er det tilstandsrapporten du treng.
Tak, fasade, vindauge og dører, grunnmur og drenering, våtrom og berande konstruksjonar, alder, tilstand og synlege teikn på skade. Ikkje innreiinga di.
Ein rapport kostar som regel mindre enn éi overrasking. Det er heile poenget.
Ikkje nødvendig, men alltid hyggeleg. Kaffi påverkar likevel ikkje vurderinga.
Nei. Me vurderer bygget, ikkje vaskinga.
Berre når rotet står i vegen for noko me skal sjå på. Elles har me sett verre.
Ja. Alltid. Fall mot sluk er ei av dei vanlegaste kjeldene til avvik i våtrom, så det er ikkje ein spøk, det er jobben.
Du har opna alle tolv. Du er no betre førebudd enn dei fleste, og me har framleis ikkje sett kjøkenet ditt.
Trur du du veit kva du treng?
Skal me ta ein titt?
Fortel oss kva du treng hjelp med. Er du usikker, finn me ut av det saman.
